Nedanfor kjem ei kort oppsummering av ulike behandlingsalternativ, og kva dei inneber.
Tannklinikken tilbyr tannundersøkingar og innkallingar tilpassa ditt behov. Ved ei standardundersøking blir det teke to røntgenbilete, kalla bitewings. Desse vert tekne for å avdekke karies mellom tennene oppe og nede på sidene (tennene bakanfor hjørnetennene). Ein går så over tennene, og undersøker fyllingar, eventuell karies og tannkjøtet. Til slutt fjernar ein tannstein og pussar over tennene. Etter undersøkinga vil tannlegen fortelje om eventuelle funn, og ein vil om naudsynt gå gjennom ulike behandlingsalternativ.
Dersom karies eller evt. mista fyllingar vert oppdaga ved undersøking, blir dette normalt sett behandla med fyllingsterapi. Klinikken følger med på utviklinga, og tilbyr til ei kvar tid gode og tidsriktige behandlingsalternativ både når det gjeld fyllingsmateriale og fyllingsteknikkar.
Dersom det er indikasjon for det, tilbyr klinikken også rotbehandling. Det blir gjeve tilbod om både tradisjonell rotfyllingsteknikk, og den nyare teknikken med maskinell endo. Kva som er den beste løysinga varierer frå tilfelle til tilfelle, og tannlegen vil bedømme dette og komme med tilråding før behandlinga startar.
For å erstatte tapte tenner kan ein anten nytte fast protetikk, eller avtagbar protetikk.
Fast protetikk inneber at ein nyttar pasienten sine eigne tenner som fundament for ei protetisk tannerstatning. Dersom det er ei knekt tann der ein sit att med lite tannsubstans, kan ei krone eller evt. krone og stift vere ei god løysing. Her lagar ein til ei krone som ein sementerer på den eksisterande tanna eller rota.
Ei bru er vanlegvis det ein vel dersom det er få tenner som manglar, men ein har eigne tenner på begge sider av opninga i tannrekka. Med ei bru bruker ein pasienten sine eigne tenner som fundament, og festar ei protetisk løysing på desse som også erstattar dei tapte tennene.
Ved fast protetikk tilbyr me både den tradisjonelle metall-keramikk løysinga der krona/brua vil ha ein metallkjerne med porselensdekke utanpå som immiterer ei vanleg tann. Me tilbyr også dei nyare heilkeramiske løysingane som til dømes zirkonium-kroner.
Avtakbar protetikk er ei løysing ein nyttar dersom det er mange tenner som mangler. Ein kan her anten ha ei delprotese dersom ein del tenner mangler, eller ei heilprotese dersom alle tennene mangler.
Både når det gjeld fast- og avtakbar protetikk, så vil tannlegen gå gjennom dei ulike behandlingsalternativa før ein startar. Det vil også bli gjeve eit kostnadsoverslag for behandlinga før den blir påbegynt, slik at du som pasient skal vere godt informert både før, under og etter behandlinga.
Klinikken tilbyr behandling og oppfølging av tannkjøtsjukdomar gjennom grundig tannrens og hygieneintruksjon, med eit behandlingsintervall som er tilpassa alvorhegheitsgrada på problemet. Periodontitt er ein sjukdom som, om ubehandla, kan føre til tap av tenner pga festetap.
Me har også høve til å tilvise pasientar til spesialistar i periodonti for meir omfattande behandling av periodontitt, mellom anna gjennom periodontal kirurgi.
© Copyright. All Rights Reserved.
Haaland Tannklinikk ligg i Eitrheimsvegen 20,
i 2 etg. Klinikken har to behandlingsrom, og tilbyr tannhelsetenester til pasientar.
484 04 119
Måndag-Fredag, 08.15-15.00