Haaland tannklinikk ligg i Eitrheimsvegen 20 i Odda, og tilbyr tannhelsetenester.
Haaland Tannklinikk ligg i hjartet av Odda sentrum, og tilbyr tannhelsetenester til sine pasientar.
Klinikken har to tannlegar fast tilsett, og to behandlingsrom. Klinikken held til i 2. etg. i Eitrheimsvegen 20.
Tannklinikken tilbyr behandling innanfor mellom anna desse behandlingsområda:
I tillegg til å tilby behandling innanfor dei fleste av fagretningane innanfor odontologi, har klinikken gode rutinar på tilvising til spesialistar der det er indikasjon for dette. Døme på situasjonar der ein lyt tilvisast er behandling med implantat, eller kjeveortopedisk behandling.
Nedanfor kjem ei kort oppsummering av dei ulike behandlingsretningane klinikken tilbyr. I tillegg kan ein trykke på "Les meir" for å få ei meir utfyllande skildring av dei ulike tilboda.
Undersøkingar og førebyggande arbeid
Klinikken tilbyr regelmessige undersøkingar av pasientar, med eit individuelt tilpassa innkallingsintervall til kvar enkelt pasient.
Fyllingsterapi
Fyllingsterapi etter karies eller mista fyllingar blir utført med det nye innan material og teknikkar for å sikre eit best mogeleg sluttresultat.
Endodontisk behandling
Rotfyllingar vert utførte både med tradisjonell teknikk og med den nyare maskinelle utrensinga, alt etter kva som passar best i kvart enkelt tilfelle.
Protetikk
Erstatting av tapte tenner blir tilbydd i form av kroner, bruer eller proteseløysingar. Val av behandling er avhengig av det kliniske biletet og pasienten sine eigene ynskje.
Systematisk behandling av periodontitt
Klinikken tilbyr systematisk behandling og oppfølging av pasientar med grav marginal periodontitt/tannkjøtsjukdom.
Med høve til å tilvise
Dersom det er trong for spesialistbehandling, har klinikken gode tilvisingsrutinar for dette. Situasjonar der dette kan vere naudsynt, er mellom anna ved implantatbehandling.
© Copyright. All Rights Reserved.
Haaland Tannklinikk ligg i Eitrheimsvegen 20,
i 2 etg. Klinikken har to behandlingsrom, og tilbyr tannhelsetenester til pasientar.
484 04 119
Måndag-Fredag, 08.15-15.00